Tvangssalgsprosjektet i Bergen - sluttrapport

For å hjelpe og hindre utkasting frå burettslag på grunn av misleghald av kommunale bustadlån blei det i 2009 starta opp eit to-årig tvangssalsprosjekt. Sluttrapporten er no gjort tilgjengeleg.

Tvangsalgsprosjektet er eit samarbeid mellom bustadbyggjelag og ulike etatar i Bergen kommune. Prosjekteiar er bustadsjefen i Bergen. Husbanken har finansiert prosjektet med kompetanse-tilskottsmidlar.

Kortare veg til tvangssal
Endringa i Borettslagsloven av 15. august 2005, førte til at burettslag ikkje lenger kan ta ut påkrav om utkasting på bakgrunn av ubetalte fellesutgifter, men må gå vegen direkte til tvangssal. Dette viser seg vere langt meir tidkrevjande enn tidlegare, og medfører betydeleg gjeldsauke for dei involverte, samt større tap for kreditorane (burettslaga).

Godt samarbeid
For å løyse vanskelege saker og gi rett hjelp til husstandar som står i fare for å mista bustaden sin, har det vist seg å vere veldig viktig å få lokalisert og koma i kontakt med alle involverte instansar i prosessen rundt tvangssalet, samt ikkje minst, dei som rår over verkemidlane. Rollene til alle desse partane, bustadbyggjelaga, Tingretten, medhjelparane, Namsmannen, startlånstakarane, Nav/sosialteneste, gjeldsrådgivartenesta og Bustadetaten, finner du omtalt i sluttrapporten. http://biblioteket.husbanken.no/arkiv/dok/Komp/Tvangssalgsprosjektet_sluttrapport.pdf

Powered by: CustomPublish AS